Me er glade for å annonsere at Reunion 2012 er ein del av Metamorf – biennale for kunst og teknologi i Trondheim i år. Både konsertversjonen og installasjonsversjonen er ein del av biennalen.

Verket tar utgangpunkt i John Cage sin Reunion fra 1968. Tanken bak Reunion var å spegle sjakkpartiet si framdrift og dynamikk gjennom lyd. Ideen vart realisert gjennom å bygge eit sjakkbrett utstyrt med sensorar som kan registrere rørslene på brettet, og som vidare gir ulike lydlege resultat.

Reunion2012 skal stå på Gråmølna under Metamorf og vert opna i konsertform i utstillingslokalet 1.mai. Besetninga består av to sjakkspelarar og fire musikarar som kvar for seg styrer ulike elektroniske lydkjelder. Rørslene på sjakkbrettet vil vere avgjerande for kva for lyd publikum høyrer til ei kvar tid slik at sjakkspelarane kan seiast å ha rollene som dirigentar for verket. Reunion2012 vil vere tilgjengelig som installasjon under heile biennalen, og publikum vil då sjølv kunne delta i utforminga av musikken gjennom å spele sjakk!

Under konserten i Trondheim vil Tone Åse (stemme og elektronikk), Øyvind Brandtsegg (elektronikk), Anders Tveit (elektronikk) og Eskil Muan Sæther (elektronikk) vere utøvarar.

Her er ein video frå Ultimafestivalen i 2012!

Reunion 2012 vart laga som eit samarbeid mellom SkRR og Notam, med støtte frå Norsk Kulturråd.