Søndag 15.mars har me gleda av å presentere Tøyen fil og klafferi! på Lydmyren. Dei vil spele heile fem urframføringar denne kvelden! 

  • Konsertdato: 15.mars 2015
  • Konsertstart: 20.00
  • Billettpris: 100,-
  • Stad: Notam – veibeskrivelse

Tøyen fil og klafferi er ein trio med stor utforskartrong og et nært samarbeid med komponistar innafor et vidt spekter av sjangrar. Trioen består av Kristine Tjøgersen (klarinettar), Hanne Liland Rekdal (fløyter og fagott) og Eira Bjørnstad Foss (fiolin). Trioen ønskjer å appellere til fleire enn kjernepublikumet som oppsøker konsertar med ny musikk. Trioen ønskjer å vekke nysgjerrigheten og opna sinnet til dei som høyrer på gjennom ei upretensiøs tilnærming til musikken. Komponistar med ulik sjangerbakgrunn og musikalsk ståstad er blitt invitert til å skrive for ensemblet. Musikken blir framført på eit vidt spekter av konsertstader ? alt frå små utestader, i kunstrom og på meir tradisjonelle konsertscenar.

Urframføringar denne kvelden vil vere av komponistane Lasse P. Nøsted (Norge), Lars Skoglund (Norge), Bryan Eubanks (USA), Gudmundur Steinn Gunnarsson (Island), Kristine Tjøgersen (Norge). Det vil også bli spela verk av mellom andre Hafdís Bjarnadóttir (Island) og Lars Myrvoll (Norge).

Velkommen på konsert, ta med ein venn eller tre!

LydMyren er støtta av Norsk kultutråd
kulturraadet_sort_stor