Lydmyren er glad for å presentere duoen Hvizdalek/Fetveit tirsdag 20.oktober kl 20.00!

  • Konsertdato: 20. oktober 2015
  • Konsertstart: 20.00
  • Billettpris: 100,-
  • Stad: Notam

Duoen Hvizdalek / Fetveit spelar improvisert musikk. Hvizdalek brukar bare stemme og mikrofon, medan Fetveit spelar på analog elektronikk som stemma til tider kan høyras ut som; Ein kan sjå på likskapen mellom den reine stemma og den reine elektronikken som eit slags fundament for musikken. Paret går gjerne til ekstremar, enten dei reduserar eller eksploderar på lydfronten, og søker stadig å utfordre det musikalske. Dei har spelt saman sidan Hvizdalek flytta til Oslo i 2008, med fleire opptredenar i Wien, ulike stader i Norge, Frankrike, Japan og Sør-Korea- mellom anna på Cable-festivalen i Nantes og All Ears i Oslo!

Agnes Hvizdalek har bakgrunn fra Wiens sitt improv-miljø. Der har ho studert hos storleikar som Franz Hautzinger, har ein trio med Klaus Filip og Seijiro Murayama og prosjektet Demi Broxa saman med bassisten Jakob Schneidewind fra Elektro Guzzi, som ho er plateaktuell med i desse dager. Ho gjorde seg bemerka under Ultima med ei særeigen tolking av Schwitters Ursonate ved åpninga av HOK sin faste Schwitersutstilling, og er ellers lagt merke til for solokonsertserien Frokostblanding med 35 førestillingar på ein månad og med internasjonale utvekslings- og samarbeidsprosjekt for improvisasjon i stort ensemble (http://oncz.org/). Ho har også spelt med m.a. Kristin Andersen (Spunk), Guro S. Moe, Håvard Skaset, Børre Mølstad i Norge og internasjonale artistar som JD Zazie, Bonnie Jones og Jim Denley. Desutan har ho spelt nesten 50 solokonserter dei siste åra- mellom anna på Kunsthall Oslo og Henie Onstad Kunstsenter.

Harald Fetveit er blant ringrevane på støyscenen, der han gjorde entré allereie midt på åttitalet, med gitar og elektronikk som verktøy. Han har bevega seg fritt mellom støy og friimprov dei siste åra, med folk som Mattin, Junko Hiroshige, Lucio Capece, Taku Unami, Lene Grenager og John Hegre. Han har gitt ut nokre plater og levert bestillingsverk til Ny Musikk og drive Dans for voksne sidan starten av 2003.

http://haraldfetveit.no/sound/sound.htm

Inngang: kr100

Velkommen til konsert!

Konsertserien er støtta av Norsk Kulturråd