Levinsalen på Norges Musikkhøgskole mandag 28. oktober kl20.00
– Giuliano Obici, Heloisa Amaral og Karin Hellqvist – sjølvspelande laptoporkester
og Simulacrum Chamber Orchestra.

Den brasilianske komponisten Giuliano Obici er for tida busett i Berlin. I slutten av oktober kjem han til Oslo for å halde  workshop og framføre to av sine stykker. Det eine, Lanhouse Concert, kan kallast ein audiovisuell installasjon beståande av laptopar som utøvarar. I det andre stykket, Simulacrum Chamber Orchestra, har Obici med seg musikarane Heloisa Amaral og Karin Hellquist. Simulacrum Chamber Orchestra er ein audiovisuell konsert som prøver å etablere ein dialog med kammermusikk innafor feltet mediekunst. Publikum blir presentert for akustiske instrumenter (piano / fiolin), bærbare datamaskinar, videokamera og skjermar. Musikarane sine gester blir registrert av både kamera og mikrofonar. Kvar datamaskin lagrar eit rammeverk som blir koordinert av eit partiturskript for å skape ein spesiell type interaksjon mellom levande musikarar og det bearbeida materialet som vert framført og spela av simulacrum sine musikarar. Prosjektet er basert  på eit arbeid utvikla av Obici i duoen N-1, der ulike teknologiar av video og lyd saman med liveframføring søker å utvide begrepet meta-instrument. Obici har utforska dette i stykket/installasjonen LanHouse Consert – som behandler PC og LAN (Local Area Network) som eit multimediainstrument, og i laptop Choral, utvikla for Wien Modern 2012. Simulacrum Chamber Orchestra blir framført  i Oslo i samarbeid med Norsk senter for teknologi i musikk og i kunst (Notam).

Heloisa Amaral – piano
Karin Hellqvist – fiolin

Konserten er eit samarbeid med Norges musikkhøgskole, og vil finne stad i Levinsalen på NMH mandag 28. oktober kl 20.00
NB! Gratis inngang