Fredag 21.februar er det konsert på Sound of Mu med Fredrik Olofsson. Konserten startar kl19.00 og inngang er kr50 (NB! ta med kontantar).

Fredrik Olofsson er musikar, programmerar og videokunstnar. Han er utdanna i komposisjon ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og ved Musikkhøgskolen i Piteå. Han utviklar programvare for interaktive installasjonar og web-jamming, er ein aktiv utviklar i SuperCollider og Max/MSP og arbeidar med elektronikk, lagar algoritmisk dansemusikk der rytme, melodi, lyd og form endrar seg for kvar konsert, gjer livekoding på scenen (www.toplap.org) og opptrer av og til i den audiovisuelle duoen klipp av. I 2008 var han Artist-in-Residence ved IAMAS i Japan.

Konserten blir arrangert i samband med workshop i livekoding på Notam (www.notam02.no) og er støtta av Norsk Kulturråd.

Velkommen til konsert!