Verkstad med Joker Nies

I samband med festivalen Tape to Zero på Nasjonal Jazzscene den 3.-4.april 2014, arrangerer Notam, Tape to Zero, Dans for Voksne og Norges Musikkhøgskole ein 2-dagars verkstad i Circuit Bending med musikar og lydteknikar Joker Nies den 1. 0g 2.april frå kl17-21. Verkstaden er GRATIS og det kan vere lurt å melde seg på tidleg! Dei som deltar på verkstaden får rabbatterte billettar til Tape to Zero den 4.april.

Kva er Circuit bending?
Circuit Bending eller “kretsbøying” handlar om å lage sine eigne elektroniske instrument ved å modifisere alt frå barneleiker til synthar.

 

YamahaSHS10T&TS&S

CASIOsk1

I løpet av dei siste åra har musikarar som arbeider med elektronisk musikk utforska ulike måtar å modifisere elektroniske instrument på, slik at ein ikkje er tvungen til å bruke dei ferdiglaga lydane i masseproduserte instrument. “Historiske” instrument (frå 80´talet) og elektroniske lydleiker for barn eignar seg spesielt bra for modifisering. Ein lagar sitt eige elektroniske instrument med eigne unike lydar som ikkje etterliknar akustiske instrument eller dyrelydar, men produserer rein elektronisk lyd! Ideen er egentlig ikkje ny, men har spreidd seg som eit virus sidan midten av 90-talet, då Multimediekunstnar Reed Ghazala (som starta å modifisere elektronikk på slutten av 60-tallet) innførte omgrepet “circuit-bending” i ein artikkelserie for magasinet EMI (Experimental Musical Instruments magazine).

Circuit bending er ope for alle som følger sikkerhetsinstruksen!  Verkstedet er en introduksjon til historien og teknikker for Circuit bending, og diskuterer krav, sikkerhet, verktøy og mål. Ei rekke av modifiserte instrument og nydesigna elektronikkblir vist gjennom lyd, bilde og film. Hands-on bøying vil bli demonstrert med utgangspunkt i eit passande “bending target”, slik at  alle kan prøve ut korleis det fungerer. Det vil vere ei begrensa mengd  verktøy og deler tilgjengelig som gjer det mogleg for deltakarane å kretsbøye sine eigne instrument!

JokerNiesJoker Nies er musikar, lydteknikar og teknisk redaktør for German Keyboards magazine som bur og arbeidar i Köln, Tyskland. Nies har eksperimentert med alle typar elektroniske lydkjelder sidan tidleg på 80-tallet – mellom anna modulære-analoge synthar, sjølvutvikla elektroniske einhetar, DSP-baserte system (som Kyma/Capybara) og programvarebaserte lydkjelder. Han vart innvidd i det som er kjent som circuit bedning då han på 90´talet modifiserte ein Omnichord. Sidan den gong har eit stadig aukande antall einhetar blitt konvertert frå enkle leiker til nye og framande lydeinhetar.

 

  • Stad: Notam
  • Antall deltakere: 12
  • Varighet: kl.17:00 – 21:00
  • Datoar: 1. og 2.april
  • Kursleiar: Joker Nies
  • Pris: Gratis

Du melder deg på verkstaden ved å sende ein e-post til admin@notam02.no.

Velkommen til verkstad!

Verkstaden er eit samarbeid mellom Notam, NMH, Tape to Zero og Dans for voksne, og er støttet av PNEK.

 

Close [X]