LydMyren med Tveit/Parallax

Me avsluttar LydMyren- sesongen laurdag 14.desember kl15.00 på Kunstnernes Hus med trioen Parallax i samspel med komponist/musikar Anders Tveit. 

Anders Tveit har i haust mottatt ei bestilling frå Notam på lydinstallasjonen Ierotelestía -A phantasmagorical vision of an acousmatic cult. Installasjonen skal henge på Kunstnernes Hus frå 9.-14.desember, og me vil i samband med dette arrangere ein konsert i installasjonslokalet den siste dagen installasjonen heng der. Anders Tveit har med seg trioen Parallax på denne konserten, og vil spele saman med dei.

Parallax har eksistert sidan 2008 og har turnert i Noreg, Spania, Frankrike, Storbritannia, Brasil, Tyskland, Kina, Hong Kong og Singapore. Dei har gitt ut platene Live In The UK og Krutthuset, og har to nye plateutgivelsar i  2014.  Den eine spela inn i flotte Ocean Sound Studio i havgapet på Giske med Rob Waring som produsent, og den andre (eit bestillingsverk av Stian Omenås) spela inn i Hong Kong saman med sinfoniettaen Hong Kong New Music Ensemble. Parallax samarbeider med lyskunstnar Elisabeth Kjeldahl Nilsson og saman har dei m.a. spela under Ultima 2010 og 2012 og turnerer for Rikskonsertane. Parallax har holdt masterclasses i improvisajon i Brasil, gjort improvisasjonsarbeid med dansarar og samarbeidet med flere komponister og lydkunstnere som Mariano Bullignan (Italia) og Lam Lai (Kina).

Trioen henter klangleg inspirasjon frå musikk som utøvarane til ei kvar tid er opptatt av- det kan vere jazz, pop, gamelanmusikk, kinesisk opera eller elektroakustisk musikk.  Dei arbeider med ei alt- er- lov haldning der ein ikkje skal vere redd for å trekke inn nye musikalske impulsar.

Parallax

Foto: Andreas Ulvo

Stian Omenås - trompet og perkusjon
Are Lothe Kolbeinsen - gitar/prep.gitar
Ulrik Ibsen Thorsrud - perkusjon
Anders Tveit - laptop & live diffusering

 Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd og Pnek

Close [X]