LydMyren hausten 2013

Konsertserien LydMyren held fram i haust og vil me arrangere tre konsertar i løpet av hausten på tre ulike stader, Deichmanske Hovudbibliotek, Norges Musikkhøgskole og Kunstnernes Hus.

3. oktober – Lucio Capece og Harald Fetveit – Lyd som levende skikkelsar i rommet

Lucio Capece vil gjere opptak av lydane i Deichmanske Bibliotek  i løpet av morgonen på konsertdagen. Under opptaket vil han plassere ein mikrofon inne i papprøyr av ulike dimensjonar. Røyra vil gi opptaka ei bestemt tonehøgd i forhold til dimensjonane på røyret. Desse opptaka vil bli analysert ved hjelp av et spektrogram. Med innspillinga gjort om morgonen, og eit utval av sinusbølger (som følge av spektralanalyse og beregning av romresonanser)  vil Capece skape eit stykke som vil bli utført ved hjelp av PA og trådlause høgtalarar hengande frå ballonger som vil bli sveve rundt i bibliotekrommet. Harald Fetveit vil flytte ballonghøgtalarane rundt i rommet.

Lucio Capece

Før og etter dette stykket vil det vere  reint elektroniske seksjonar. Fetveit vil utføre handlinger i samspill med musikken på en nonverbal og sonisk måte, på same måte som dei ansette i biblioteket kan ha gjort i løpet av den tida det vart gjort opptak i rommet tidlegare same dag.

Harald Fetveit – Handlingar, lydar, manuell lyddiffusjon.
Lucio Capece – Analog elektronikk, sinusbølger,trådlause høgtalarar hengande frå heliumballongar.

Konserten er eit samarbeid mellom Notam og Dans for voksne og er støttet av PNEK. Konserten finn stad på Deichmanske bibliotek: Grünerløkka torsdag 3. oktober kl 21.00, pre-concert talk med Lucio Capece kl.19.00.


28. oktober – Giuliano Obici, Heloisa Amaral og Karin Hellqvist – sjølvspelande laptoporkester og Simulacrum Chamber Orchestra.

obici2

Den brasilianske komponisten Giuliano Obici er for tida busett i Berlin. I slutten av oktober kjem han til Oslo for å halde  workshop og framføre to av sine stykker. Det eine, Lanhouse Concert, kan kallast ein audiovisuell installasjon beståande av laptopar som utøvarar. I det andre stykket, Simulacrum Chamber Orchestra, har Obici med seg musikarane Heloisa Amaral og Karin Hellquist. Simulacrum Chamber Orchestra er ein audiovisuell konsert som prøver å etablere ein dialog med kammermusikk innafor feltet mediekunst. Publikum blir presentert for akustiske instrumenter (piano / fiolin), bærbare datamaskinar, videokamera og skjermar. Musikarane sine gester blir registrert av både kamera og mikrofonar. Kvar datamaskin lagrar eit rammeverk som blir koordinert av eit partiturskript for å skape ein spesiell type interaksjon mellom levande musikarar og det bearbeida materialet som vert framført og spela av simulacrum sine musikarar. Prosjektet er basert  på eit arbeid utvikla av Obici i duoen N-1, der ulike teknologiar av video og lyd saman med liveframføring søker å utvide begrepet meta-instrument. Obici har utforska dette i stykket/installasjonen LanHouse Consert – som behandler PC og LAN (Local Area Network) som eit multimediainstrument, og i laptop Choral, utvikla for Wien Modern 2012. Simulacrum Chamber Orchestra blir framført  i Oslo i samarbeid med Norsk senter for teknologi i musikk og i kunst (Notam).

Heloisa Amaral – piano
Karin Hellqvist – fiolin

Konserten er eit samarbeid med Norges musikkhøgskole, og vil finne stad i Levinsalen på NMH mandag 28. oktober kl 20.00


14. desember – liveelektronikk  i samspel med lydhøyr improvisasjonstrio – Parallax og Anders Tveit

tveit

Anders Tveit har i haust mottatt ei bestilling frå Notam på lydinstallasjonen Ierotelestía -A phantasmagorical vision of an acousmatic cult. Installasjonen skal henge på Kunstnernes Hus frå 9.-14.desember, og me vil i samband med dette arrangere ein konsert i installasjonslokalet den siste dagen installasjonen heng der. Anders Tveit har med seg trioen Parallax på denne konserten, og vil spele saman med dei.

Parallax har eksistert sidan 2008 turnert i Noreg, Spania, Frankrike, Storbritannia, Brasil, Tyskland, Kina, Hong Kong og Singapore. Dei har gitt ut platene Live In The UK og Krutthuset, og har to nye plateutgivelsar i  2014.  Den eine spela inn i flotte Ocean Sound Studio i havgapet på Giske med Rob Waring som produsent, og den andre (eit bestillingsverk av Stian Omenås) spela inn i Hong Kong saman med sinfoniettaen Hong Kong New Music Ensemble. I tillegg arbeider Parallax med lyskunstnar Elisabeth Kjeldahl Nilsson og saman har dei m.a. spela under Ultima 2010 og 2012 og turnert for Rikskonsertene. Parallax har holdt masterclasses i improvisajon i Brasil, gjort improvisasjonsarbeid med dansere og samarbeidet med flere komponister og lydkunstnere som Mariano Bullignan (Italia) og Lam Lai (Kina).

Trioen henter klangelig inspirasjon fra musikk som utøvarane til ei kvar tid er opptatt av- det kan vere jazz, pop, gamelanmusikk, kinesisk opera eller elektroakustisk musikk.  Dei arbeider med ei alt- er- lov haldning der ein ikkje skal vere redd for å trekke inn nye musikalske impulsar.

Stian Omenås - trompet og perkusjon
Are Lothe Kolbeinsen - gitar/prep.gitar
Ulrik Ibsen Thorsrud - perkusjon
Anders Tveit - laptop & live diffusering

 Konsertserien er støttet av Norsk kulturråd og Pnek

Close [X]