Bjørn Thevik og Lasse Passage

Den 21.mai kl20.00 er det duka for konsert med Bjørn Thevik (solo) og Lasse Passage(solo) i Notam sin eigen konsertserie LydMyren. Dette blir den siste konserten på LydMyren på denne sida av sommaren.

  • Konsertdato: 21.mai
  • Dørene opnar: 19.00
  • Konsertstart: 20.00
  • Billettpris: 50,- (NB!ta med kontantar til billett og til baren)
  • Stad: NOTAM - korleis kjem du deg hit?

Bjørn Thevik er en synthesizerist busett i Oslo. I januar 2013 ga han ut soloplata Introitus, der han brukar synthesizer, bandspelar og ein delaypedal.Plata fekk m.a. svært god kritikk på All About Jazz:

The altered texture is still a fragile, soothing soundscape, but richer, with its own sense of spare rhythm and with a minimalist, cinematic narrative. Thevik is a true explorer of the synthesizer. (Eyal Hareuveni, All About Jazz, 3.februar 2013)

Starten av 2013 vil han bruke til å eksperimentere vidare med sin modulære synthesizer, feltopptak og kontaktmikrofonar. Resultat av eksperimenta vil han presentere på Notam i mai- og både Notam og Bjørn Thevik gledar seg til denne konserten!

Lasse Passage er ein uvanleg og spanande singer/songwriter, som på finurleg vis blandar alternativ folk med eksperimentell musikk. Då debutplata ”If you don’t have time to cook, you don’t have time to live” kom ut i 2009 uttalte Chuck Plotkin (produsent for Bruce Springsteen og Bob Dylan):

“It’s like nothing I’ve ever heard before. Unusual and original harmonies. Sounds brilliant!”

Lasse Passage gjekk for ei tid under jorda og flytta til Nederland. Han studerte elektroakustisk komposisjon og fordjupa seg i lo-fi opptaksteknikkar. Han reiste på fleire turnear i Europa og vart nominert til UK Music Video Awards for musikkvidoen “Say Say Say” – ein duett med Johanne Birkeland. Lasse Passage har i fleire år ulma blant ein utvalgt lyttarskare i  inn- og utland. Med Lasse tilbake i Noreg – og etter den særegne kvaliteten til hans 3 nye album å dømme  – meinar me tida er inne for et fortjent gjennombrot for denne artisten. Som ein hommage til Notam og EA tradisjonen, blir det også urframføring av eit nytt bandstykke/Tape-Piece av Lasse Passage denne kvelden!

Ta med ein venn eller tre og nyt god musikk denne maikvelden i idylliske omgjevnader på Notam!

Konsertserien er støtta av Norsk Kuturråd

Close [X]